Den europeiske flyktningkrisa: Tsjekkiske lærarar lagar og delar læringsressursar

pencil_275.pngMidt i den europeiske flyktningkrisa viser Tsjekkia styrken i opne læringsressursar (OER).

EDUin, ein ikkje-kommersiell organisasjon med base i Praha, jobba saman med den Tsjekkiske organisasjonen for lærarar i samfunnsfag med å formidla informasjon om den pågåande flyktningsituasjonen. Elevar i skulane stilte spørsmål, og ville gjerne forstå kva som skjer: Kvifor er det så mange som flyktar? Kva er skilnaden mellom ein flyktning og ein migrant? Kva er skilnaden mellom migrasjon, emigrasjon og immigrasjon?

Lærarane arbeidde derfor med å utvikla materiale for Tsjekkiske skular, og det resulterte i læremiddel som dei no delar på nettsidene deira (på Tsjekkisk). Desse læremidla er lisensiert under CC BY-NC-SA 3.0, og det er laga ulike versjonar for aldersgruppene 6-11 år og 12-16 år.

“Denne aktiviteten visar at opne læringsressursar kan vera til hjelp for å reagera veldig raskt på nye situasjonar, på ein måte tradisjonelle pensumbøker ikkje kan”, seier Tamara Kováčová, koordinator for det opne læringsprogrammet til EDUin. “På grunn av den raske distribusjonen, kan materiale delast med skular i heile landet i laupet av få dagar. Lærarar får den støtta dei treng tidsnok, og undervisninga er oppdatert. Vidare er det mogleg å samla fleire skulefag rundt fenomen-baserte læringsprinsipp.”

Omsett frå engelsk av Knut Ådne Røen. Kjelde: European migrant crisis: Czech teachers create and share resources, tilgjengeleg under CC BY Foto: Pencils av Mari Pi (CC0).